Hopp til innhold

Våte markar hindrar gjødsling

Regn har i lang tid skapt store problem for bøndene i fylket. Fristen for å spreie naturgjødsel er passert, og mange bønder kan få problem med for mykje gjødsel på lager når vinteren kjem.

Video Regn hindrar gjødsling

VIDEO: Gardbrukar Harald Stranden i Fræna er frustrert over at regnveret hindrar han i å gjødsle markane sine.

Det er snart ein månad sidan gjødslinga skulle ha vore ferdig, men dei våte markane tåler ikkje tyngda av traktor og gjødselvogn.

- No har det regna siste månadane, graset er ikkje av. Då er to det to alternativ, enten å køyre ut gjødselet no og øydelegge marka til neste år, eller å vente på å få dispensasjon, seier gardbrukar Harald Stranden i Fræna.

Han er langt frå åleine om å vere for seint ute. Bønder frå heile fylket søkjer om å få spreie naturgjødsel sjølv om fristen er ute.

- Alt regnar bort

I Fræna kommune vil dei ta omsyn til at regnet har ført til forseinkingar.

- No i år har vi vore nokså klare på at det vil vere rimeleg greitt å køyre ut gjødsel i alle fall fram til 1.oktober. Den datoen nærmar seg, og etter den to vil det vere litt meir avgrensingar.

Men utsett frist hjelp lite om det ikkje er opphaldsver i sikte.

- Det er ikkje noko artig å sjå at det eg har kava for i 40 år skal regne bort på ei lita stund. Om eg byrjar å herje og køyre no er det øydelagd. Då er det fri neste år.

Vinteren står for tur, og utan lagringsplass for møkka kan han i verste fall vere nøydd å slakte nokon av dyra.

Gardbrukaren vil ha slutt på at hver enkelt må søke om å få lov til å spre gjødsel på seinhausten.

- Eg ønskjer ei generell utsetjing for alle. Det skal ikkje vere slik at kvar enkelt skal søkje. Det er heilt unødvendig.