Vasslekkasje i Nakkelia

Lekkasje på ei vassleidning i Nakkelia i Ålesund, førte til at eit bustadhus fekk kjellaren fylt med vatn. – Det var snakk om 10 cm vatn i kjellaren, seier Tor Iver Sjåstad i 110-sentralen. Brannvesenet arbeidar no på staden for å minimere skadane.