Vasslekkasje i motorrommet

Det var ikkje brann i fritidsbåten som fekk problem i Tingvollfjorden i dag. Det opplyser mannskapet om bord på redningsskøyta Erik Bye. Grunnen til at det kom røyk frå båten, skal vere vasslekkasje i motorrommet. Mannen som var om bord i båten vart berga av ein annan båt som kom til.

Redningsskøyta Erik Bye i Tingvollfjorden
Foto: RS Erik Bye