Hopp til innhold

Vassendgutane med nok ei gullplate

Så har dei gjort det igjen, dei godeste Vassendgutane: nok ei plate er seldt til gull og vel så det. Provet fekk dei i går.

Vassendgutane

GULLPLATE: Vassendgutane mottok nok ei gullplate under Norsk Countrytreff på Breim.

Foto: Runar Sandnes

Det nye albumet «Skru opp» er seld i 13.800 eksemplar som cd, og det på under to månader. I tillegg kjem strømming og nedlasting av plata på nettet.

Jubel over «fest-countryen»

Til ellevill jubel frå fansen fekk glad-gutane frå Ørsta utdelt provet på nok ein platesuksess då dei i går kveld enta scenen til Norsk Countrytreff på Breim i Sogn og Fjordane.

– Vi er truleg dei norske artistane som har seldt mest så langt i år, seier Sindre Aam i bandet.

Det populære bandet med utspring i Åmdalen i Ørsta spelar sin heilt særprega variant av country. Dei kallar det sjølve «fest-country».

Vassendgutane med ny gullplate

Eit ellevilt publikum jubla då Vassendgutane fekk gullplata i går kveld.

Foto: Kaare Basso

Dei har gitt ut ni album i alt, og har tilsaman seldt 368 000 cd-ar!

I mai toppa dei VG-lista med gull-albumet.

Bensinstasjonsplate

Plata fekk ingen god mottaking hos anmeldarane. Både VG og Dagbladet ga albumet terningkast to, og kritiserte særleg tekstane på plata.

Men like full har ho blitt ein hit hos publikum.

– Desse osloavisene var ikkje begeistra i utgangspunktet. Men det er vi vande med, og fekk ikkje sjokk av det dei skreiv. Men folk har alt lært seg tekstane og syng med, og då betyr ikkje det så mykje kva dei skriv i avisene, seier Sindre Aam i bandet.

Det er særleg bensinstasjonar og andre grossistar som sel albumet. Heile 80 prosent av salget skjer via bensinstasjonar, stadfestar bandet.

Vassendgutane kom til Breim direkte frå speleoppdrag i Lakselv der dei spelte på Midnattsrock i lag med mellom andre Smokie og Gabrielle.

Dei skal glede fansen frå scenen fleire andre stader i Noreg i løpet av sommaren.

Vassendgutane med nok ei gullplate

Countrygeneral Nils R. Sandal, ved Norsk Countrytreff på Breim tildelte dei glade spelemakarane frå Ørsta gullplata i går kveld.

Foto: KAARE BASSO