Hopp til innhold

Vassendgutane er framleis millionbutikk

Vassendgutane selde 30.000 CD-ar i fjor, og tok ut nesten éin million kroner i utbyte.

Arthur Johan Bjørdal i Vassendgutane

Arthur Johan Bjørdal i Vassendgutane under ein konsert på Ricks i Bergen i april 2013.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det er avisa Dagens Næringsliv som har kika det berømte fest-country-bandet frå Åmdalen i korta.

Dei har funne ut at Vassendgutane hadde ein omsetnad på 8,8 millionar kroner, og at overskotet enda på 1,5 millionar kroner før skatt.

Sjølv om mange har spådd at salet av CD-ar er i ferd med å bli fasa ut, selde Vassendgutane heile 30.000 eksemplar av CE-en «Hesteslepp».

Det er svært høgt i norsk målestokk. Vi er svært nøgde, seier manager Alf Aarseth til DN.

Aarseth seier at bandet har budsjettert med ein nedgang på om lag 10 prosent i 2014, fordi det ikkje kjem ut noka ny plate dette året. I mai 2015 kjem det som kan bli den siste fysiske CD-en til Vassendgutane.

Eg veit ikkje om det er nokon som kjøper musikk på CD etter den tid. Vi kjem til å gje ut plata både som CD og digitalt til nedlasting, seier Aarseth.