NRK Meny

Vassbrot fører til gravearbeid

Eit stort vassbrot i Keiser Wilhelmsgate i Ålesund i natt gjer det nødvendig med graving i området. Det gjer at det blir vanskelegare for bilar å passere, opplyser kommunen. Truleg er det nødvendig å skifte eit røyr på seks meter. Det inneber lågare vasstrykk for abonnentane. Arbeidet blir truleg avslutta i løpet av ettermiddagen eller kvelden.

Vassbrot i Keiser Wilhelmsgate
Foto: Ålesund kommune