Hopp til innhold

Bedrifta betalar ni millionar på ferje

Auka ferjeprisar rammar næringslivet hardt. – Vi skal konkurrere med austlendingar som slepp ferje, seier bedriftseigar.

Trailer frå Vartdal plast køyrer av ferja

Vartdal Plast er storforbrukarar av ferje. Dei har rekna ut at dei auka ferjeprisane gjer det 2,4 millionar kroner dyrare for dei enn i fjor.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Yrkessjåfør Yvonne Bjørdal frå Vartdal plast køyrer rutinert inn på ferjedekket og fylgjer instruksane til matrosen. Dette er den første av seks ferjer denne arbeidsdagen. Ferjebilletten på 832 kroner blir betalt med autopassbrikken.

– Dei høge ferjeprisane er eit tema blant oss sjåførane seier Bjørdal.

– Går utover konkurransekrafta

Næringslivet langs kysten betalar ferjebillettar for fleire millionar kroner i året. Frå nyttår auka prisane kraftig i Møre og Romsdal. No ropar bedriftseigarar varsko og meiner dette går utover konkurranseevna deira.

– Vi blir straffa. Vi konkurrerer med bedrifter som ligg på austlandet. Dette betyr meir enn nokon anar, seier dagleg leiar i Vartdal Plast, Jan Endre Vartdal.

Jan Endre Vartdal

Jan Endre Vartdal i Vartal plast meiner dei auka ferjeprisane går utover konkurransekrafta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bedrifta som starta å produsere emballasje til fisk i 1961, har heile landet som marknad. Dei har hovedkontor i den vesle bygda Vartdal i Ørsta. 60 vogntog som fraktar varer brukte ferje for 7 millionar kroner i fjor. I år blir det 2,4 millionar kroner dyrare som fylgje av takstauken og innføringa av Autopass, har bedrifta rekna ut. I tillegg kjem bompengar.

Bedrifter er bekymra

Espen Remme

Regiondirektør i NHO, Espen Re,mme, seier at fleire bedrifter er bekymra for dei auka ferjetakstane.

Foto: Remi Sagen / NRK

NHO i Møre og Romsdal mottek bekymringmeldingar frå fleire bedrifter.

– Fleire er bekymra for kostnadane. Det er problematisk når vi får så store endringar i takstsystemet, seier regiondirektør i NHO, Espen Remme. Prisane går også utover dei tilsette i bedriftene som må betale meir for å pendle.

Anrfinn Ingjerd, leiar i Maritimt forum, meiner det er krevande nok for næringslivet i dag i ein konkurranseutsett marknad. Han meiner dei auka ferjeprisar gjer det vanskelegare å halde distrikts-Noreg i gang.

– Dei auka ferjekostnadene er mykje større enn dei auka kostnadane i bompengeopprøret før kommunevalet, då regjeringa la fleire millionar kroner på bordet, seier Ingjerd.

Uaktuelt å sette ned prisen

I Nordland førte ferjeopprøret til at fylkespolitikarane skrudde prisane tilbake til 2019-nivå. I Møre og Romsdal er det uaktuelt for politikarane å gjere det same.

Dei hentar inn 60-65 millionar kroner på takstauken i året. Skal prisane nedjusterast, går det utover vidaresåande skular og andre tilbod, er beskjeden frå fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap).

– Eg forstår frustrasjonen til næringslivet. Dersom det kjem pengar i revidert statsbudsjett ynskjer vi å sjå på takstane på nytt, seier Torve.

Torve meiner fylket får for lite pengar for å drive ferjer og at dei jobbar for å få forståing for det i Stortinget. Statsminister Erna Solberg sa i spørretimen denne veka at ferjefylka har fått meir pengar for å legge om til elektriske ferjer og at fylka sjølve er ansvarlege for dei auka billettprisane.

Har nok utfordringar

For Vartdal plast hjelp krangelen om kven som har skulda for ferjeprisane lite. For å kunne konkurrere på pris, kan dei ikkje skubbe ferjekostnadene vidare til kundane. Dermed må dei ta rekninga sjølv. Vartdal meiner det må vere fullt mogleg å reversere prisen, slik Nordland har gjort.

Han meiner det å drive bedrift langs kysten har nok av utfordringar slik det er, med ver og vind, ferjeforseikningar eller fly som ikkje går.

– Visst ein vil ha utvikling i regionen, er ikkje løysinga å pålegge oss fleire avgifter, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal.

Yvonne Bjørdal i Vartdal plast

Yvonne Bjørdal har seks ferjeturar i løpet av denne arbeidsdagen, frå Ørsta til Aukra og tilbake.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL