Hopp til innhold

Styreleiar ser alvorleg på drapstrugsel

Styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal ser svært alvorleg på at representant i styret og for dei tilsette, Oddbjørn Tomren, vart truga på livet sist fredag.

Video Drapstrussel i helseforetak

Styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal, Helge Aarseth, meiner det er viktig å ta slike trugslar seriøst.

Oddbjørn Tomren skal snart slutte i stillinga si ved Molde sjukehus, og dermed også som styrerepresentant, og mange meiner difor han ikkje har rett til å engasjere seg.

– Ei alvorleg hending

Styreleiar Helge Aarseth ser svært alvorleg på drapstrugselen som har oppstått rundt styrevervet til Tomren i Helse Nordmøre og Romsdal.

– Eg beklagar veldig at temperaturen i diskusjonen skal ha teke ei slik vending ved at nokon får meldingar som dei oppfattar som ein ubehageleg drapstrussel. Det er sterkt å beklage. Det er greitt med diskusjon, men ein stad må grensa gå, seier Aarseth til NRK.

– Kor alvorleg ser de på denne situasjonen?'

– Det er vanskeleg å vurdere kor alvorleg ein slik situasjon er, men ein kan ikkje berre neglisjere saka. Eg har gitt råd om å informere politiet. Det kjem frå tid til annan ulike utspel frå folk med ein slik karakter, men vi overser ofte at det kan ligge stort alvor i det. Det er likevel viktig å vise at det er ugreit, seier Aarseth.

– Fryktar de at noko kan hende Tomren?

– Vi håpar sjølvsagt at det er ein tom trugsel, men ein må ta slike trugslar alvorleg, understrekar han.

Tomren vil ikkje kommentere saka

Drapstrugselen er meldt til politiet. Sjølv vil ikkje Tomren kommentere saka noko meir enn at han opplever situasjonen svært ubehageleg.

Styreleiar Helge Aarseth meiner Tomren ikkje kan klandrast for den situasjonen som er oppstått der han har vore sterkt kritisert av tilsette ved sjukehuset i Kristiansund.

Enden på visa 15. november

Oddbjørn Tomren skal etter det NRK kjenner til, slutte i jobben i helseforetaket 15.november. Då trer han også ut av styret i Helse Nordmøre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no