NRK Meny
Normal

Vart tåkefast på fjelltur

Dei to mennene som sat vêrfast på Høgsvora i Ørskog i går kveld kom seg trygt ned i halv ellevetida onsdag kveld.

Laster kart, vennligst vent...

To personar trengde hjelp frå Røde Kors då dei vart overraska av tåke på ein fjelltur onsdag kveld.

Det var like før klokka 20.00 onsdag kveld at politiet melde at to personar sat vêrfast på Høgsvora i Ørskog.

– Dei to var på tur då dei vart overraska av skodde, fortel operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Mannskap frå Røde Kors blei sendt ut og gjekk dei to i møte.

Turgåarane blei funne i god form og fekk hjelp av Røde Kors til å finne vegen ut av tåka og ned frå Høgsvora.

I halv ellevetida onsdag kveld hadde dei to kome seg trygt ned att frå fjellet.