Hopp til innhold

Skulle til Vestnes med eitt kilo amfetamin

Politiet på Nordmøre arresterte i helga to menn med ca. 950 gram amfetamin i bilen.

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett

To menn er varetektsfengsla i fire veker etter at dei vart stansa med amfetamin i bilen.

Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Dei to mennene i 20- og 40-åra skulle til Vestnes, då dei vart stansa med uvanleg mykje amfetamin. Den eine mannen vart varetektsfengsla i dag, den andre i går. Politiet har førebels ikkje avhøyrt vitne og vil ikkje svare på om at dette kan vere ei større sak under opprulling.

Forklarte seg kort

Mannen i 20-åra vart avhøyrt i helga, men i fylgje begjæringa om varetektsfengsling, forklarte han seg svært kort for politiet. Han ville heller ikkje gjenta forklaringa for Nordmøre tingrett måndag. Begge dei sikta har fått to veker med brev og besøksforbod.

Er forsiktige med opplysningar

Det er etterforskingsavdelinga hos politiet i Kristiansund som no etterforskar saka. Dei er svært forsiktige med opplysningar på grunn av fare for at bevis kan gå tapt. Operasjonsleiar Thorry Aakenes vil verken seie kvar mennene kjem frå eller kvar dei vart stansa.

Skulle til Vestnes

Frå Nordmøre tingrett kjem det fram at den eine mannen skulle køyre den andre til Vestnes. Han som køyrde var klar over at den andre hadde med narkotika. Han forklarte til politiet at passasjeren hadde med to blanke posar med kvitt pulver. Vidare har han forklart at stoffet var for sterkt og at det måtte blandast ut.