Hopp til innhold

Noah (9) vart lamma i ansiktet av flåttbitt

Ein våt sommar kan ha gjort flåtten meir aktiv. Noah Grindvik vakna skeiv i halve ansiktet.

Noah Grindvik

Forma til Noah Grindvik er stigande, men framleis klarer han ikkje smile skikkeleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Noah Grindvik

Noah Grindvik er ein av fleire som har blitt behandla for flåttbitt i sommar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På barnerommet på Skodje er leiken i full gang. Noah Grindvik (9) bygg lego, medan lillesøstra og søskenbarnet leikar med barbiedokker. Når Noah smiler er det eit skeivt smil.

– Forma er litt betre, men det er litt vanskeleg å blunke. Eg får ikkje heilt att eine auget, fortel niåringen.

Vakna lam i ansiktet

Ein morgon i sommar oppdaga mamma Linn Grindvik at Noah såg annleis ut i ansiktet. Ho vart redd og ringde til legen. Ho tenkte på alle moglege alvorlege sjukdomar som kunne gi lamming i ansiktet.

– Det var skummelt, seier Linn Grindvik.

Noah vart sendt vidare til barneavdelinga i Ålesund, og dei såg alle teikna på borreliasmitte. Noha fekk antibiotika og sjølv om forma er stigande, er han framleis lam i halve ansiktet.

LES OGSÅ:

Uvanleg mange

Bjørn Magne Jåtun

Bjørn Magne Jåtun seier at uvanleg mange barn har vore innlagt på barneavdelinga i Ålesund med borreliainfeksjon.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Denne sommaren har det vore uvanleg mange barn som har blitt innlagt på sjukehuset i Ålesund med borrelia.

– Vi har hatt 10–12 barn som har blitt innlagt med borreliainfeksjon. Dei fleste har einsidig lamming i ansiktet, fortel seksjonsoverlege Bjørn Magne Jåtun.

Ein del av dei har ikkje lamming, men er trøytte, slappe og har hovudverk.

Slapp i vekevis

Marit Storjord Vestad og Bjørk

Bjørk og mamma Marit Storjord Vestad er glade for at dei fekk hjelp på barneavdeling etter fleire veker med sjukdom.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I ei sjukehusseng ligg fem år gamle Bjørk saman med kosekaninen sin. Saman med henne er mamma Marit Storjord Vestad og mormor May-Britt Storjord. Også Bjørk er lamma i halve ansiktet etter flåttbit.

– Det starta med at ho var slapp nokre veker. Då ho fekk ansiktslamming mistenkte vi flåttbit, seier Marit Storjord Vestad. Etter å ha vore innom både lege og legevakt, vart dei sendt vidare til barneavdelinga i Ålesund. Bjørk får intravenøs antibiotika og når dei kjem heim til Molde får dei hjelp av heimesjukepleien i kommunen.

Aktiv flått

Arnulf Soleng fra Folkehelseinstituttet forsker på flått

Arnulf Soleng ved Folkehelseinstituttet seier at ein fuktig sommar kan ha ført til at flåtten er meir aktiv.

Foto: Privat

Talet på folk som vert smitta av borrelia held seg ganske jamt kvart år, ifylgje Folkehelseinstituttet. Rundt 300 personar årleg får det ein kallar systemisk sjukdom. Mange får ein karakteristikk raud ring rundt bitet og vert behandla med antibiotika. Desse vert ikkje meldt inn til Folkehelseinstituttet.

Seniorforskar Arnulf Soleng ventar ikkje at talet på dei som vert smitta skal stige.

– Det kan vere store lokale variasjonar. Dersom det er varmt og tørt er flåtten lite aktiv, medan dei er meir aktive når det er fuktig ver. Denne sommaren har vore dårleg mange stader og då flåtten vere meir i aktivitet, seier Arnulf Soleng.

Linn Grindvik

Linn Grindvik vart skremt då ho oppdaga at sonen var lam i halve ansiktet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sjekke flått

Noah Grindvik på Skodje har ikkje vore i form til å leike seg ute den siste tida, men mamma Linn Grindvik veit at når den tid kjem skal ho vere nøyare med å sjekke flått.

– Eg har jo sjekka før også, men heretter skal eg sjekke i hår og hovudbotn også, seier Grindvik.