– Sjarken tok inn vatn og det var svært dramatisk

Ferjeskipper Roger Rotnes frykta at det skulle gå gale då sjarken med to personar i heldt på å gå ned i Storfjorden. Dei to om bord tømte ut bøttevis med vatn for å halde båten flytande.

Sjark vart berga etter at dei starta å ta inn vatn og heldt på å søkke.

Ronny Håhjemsvik fortel om kva som skjedde. Foto/intervjuar: Hans-Olav Landsverk

Sjark vart berga

Sjarken tok inn store mengder vatn og dermed kortslutta alt det tekniske om bord.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det var klokka 18.56 politiet fekk melding om at to personar i ein sjark var i naud mellom Ramstadvika og Vindsnes i Sykkylven. Redningshelikopter frå Florø og redningsskøyta vart rekvirert.

Ronny Håhjemvik og kompisen Sergey Vavilin var på fiske etter kveite i Storfjorden i dag og visste at vêrmeldingane ikkje var bra. Men sidan det var meldt sørvestleg vind, tenkte dei at det ikkje skulle bli noko problem.

LES OGSÅ:

Fekk vasslekkasje

– Plutseleg dreia vinden nordvest og det var nesten som nokon opna opp eit lokk. Vinden kom brutalt, seier Håhjemsvik.

Dei prøvde å søke naudhamn, men då fekk dei stans i maskina på grunn av ein kraftig vasslekkasje. Kameratane måtte byrje å tømme vatnet med bøtter, sjølv om båten har to store automatiske lensepumper som skulle ta vatnet unna.

Er fiskar av yrke

Deira største frykt var at båten skulle treffe berg eller skjer i uveret, der det var umogleg å kome seg på land.

– Klart det vert litt dramatisk når det er mørkt og så kraftig vind og eg ikkje klarer å manøvrere båten, seier Håhjemsvik.

Han er havfiskar av yrke, og seier at sjarken normalt skal klare eit slikt ver i ein fjord. No er han glad for at dei vart berga og kom seg trygt i hamn. Det var ferja Norangsfjord som berga dei to.

Naudmelding

Klokka 19.30 fekk ferja naudmeldinga og snudde for å tømme den for bilar og passasjerar, slik at dei kunne hjelpe havaristen.

– Sjarken tok inn vatn og det var svært dramatisk, seier skipper Roger Rotnes til NRK.

Sjark vart berga

Sjarken vart slept inn til kai av ein brønnbåt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dårleg vêr

Då dei kom til staden låg båten 50–60 meter frå land og var i ferd med å søkke. Rotnes seier at vêret var svært dårleg og at dei målte vindkasta til 30 meter i sekundet. Ferja la seg slik at sjarken fekk ly for vêret. Dei prøvde fleire gongar å kaste ei line om bord og til slutt lukkast dei.

– Vi hadde klart alt redningsutstyr. Flåtane stod klare, og vi fann fram overlevingsdrakter, redningsvestar, akuttkoffert og medisinutstyr, seier skipperen.

Letta over at det gjekk bra

Ferja fekk slept båten til ei vik i Ramstaddalen der vêret var betre. Deretter kom brønnbåten «Havørn» og tok over redningsarbeidet. Ferja var nemleg for stor til å slepe sjarken til kai i Søvikdalen.

– Eg er svært letta over at dei gjekk bra, seier Rotnes.

Ramstadvika

Det var svært dårleg ver mellom Ramstadvika og Vindsnes i Sykkylven i dag då båten starta å ta inn vatn.