NRK Meny
Normal

Vart alvorleg sjuk av hoggormbitt

Wenche Tennøy Leite vart biten av hoggorm då ho rydda i hagen. Reaksjonen ho fekk var så kraftig at ho måtte ligge på sjukehus i to veker.

Wenche Tennøy Leite vart bitt av hoggorm

Foten til Wenche Tennøy Leite vart blå frå tå til hoft etter hoggormbittet.

Foto: privat

I godstolen på Stette på Sunnmøre sit Wenche Tennøy Leite og ser utover fjorden. Sjukepleiaren skulle ha vore på jobb, men har i staden endt som pasient sjølv. Det var då ho skulle kaste hageavfall i eit buskas bak huset at ho vart biten.

– Eg trudde først at det var ei grein som stakk meg, men då eg tok vekk greina såg eg ormen. Eg vart livredd og hylte som ein gal, seier Leite.

Wenche Tennøy Leite

Wenche Tennøy Leite kasta hageavfall i buskaset i bakgrunnen, då ho vart biten av ein orm.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Aldri sett så kraftig reaksjon

Ormen, som var om lag 40 centimeter og hadde sikksakk-mønster, bukta seg og forsvann inn i buskene. Mannen til Wenche, Trond Leite, kom springande fordi han høyrde hylet.

– Bittet stakk og foten svei, så vi reiste til legevakta, fortel Wenche Leite.

Allereie på venterommet starta ho å føle seg dårleg. Foten hadde byrja å bli blå og ho hadde magesmerter. Legevakta har ikkje motgift mot hoggormbitt, så sunmørskvinna vart innlagt på sjukehus.

Etter kvart som dagane gjekk spredde blåfargen og hevelsen seg frå leggen heilt opp til hofta. Ho vart sengeliggande i ei heil veke på sjukehuset og det gjekk endå ei veke før ho fekk reise heim.

– Legane hadde aldri sett ein så kraftig reaksjon før, seier Leite.

Sjeldan å bli så sjuk
Mari Tosterud

Mari Tosterud ved Giftinformasjonen seier det er viktig å ta kontakt med helsepersonell dersom ein får hoggormbitt.

Foto: privat

Det finst ingen fullstendig statistikk over hoggormbitt i Noreg. Giftinformasjonen har mottatt 306 henvendingar om hoggormbitt hittil i år. Det er om lag det same som året før.

– Fleirtalet får ikkje så alvorlege reaksjonar på hoggormbitt, men nokre kan få alvorleg reaksjonar raskt etter bittet, seier Mari Tosterud. Ho er avdelingsdirektør ved Giftinformasjonen.

Rundt 30 prosent av dei som vert bitt av hoggorm, får ikkje i seg gift. Dermed blir det berre ei lita heving og litt blod rundt merka av dei to tennene. Av dei som får sprøytt gift i kroppen, får mange litt hevelse på bittstaden og føler seg uvel.

– Ein bør ta kontakt med helsetenesten eller giftinformasjonen ved bitt uansett, seier Tosterud.

Dag Dolmen

Dag Dolmen seier at det er dei unge hoggormane som er farlegast.

Foto: Privat

Små ormar er farlegast

Dag Dolmen er førsteamanuensis ved NTNU og ekspert på hogghorm. Han seier at det er sjeldan at folk får så kraftig reaksjon som Tennøy.

– Det er kor mykje gift som bli injisert i såret som gjer utslaget, seier Dolmen. Dei unge hoggormane er farlegast, fordi dei nesten alltid bit og dessutan brukar heile dosen sin med gift.

For Wenche Tennøy Leite var opplevinga skremande.

– Lærdomen er å bruke tette sko, ikkje sandalar som eg gjorde, seier Leite. Ho går på krykker og veit at det kan ta lang tid før ho er frisk att.