Ein søndagskveld i mars i fjor endra livet seg totalt for familiane, som mista sine to små born i ei drukningsulukke i Karihola i Kristiansund.
- Les også:
- Sjå også Brennpunkt: De tapte minuttene.
Denne kvelden etterlet også sterke minner for mange av dei som kjempa for å redde dei to ni år gamle jentene. Mykje gjekk gale.
Kun ein varsla
Mange av dei som var på vakt visste at redningsaksjonen ikkje fungerte som den skulle.
Men kun ein valgte å seie ifrå.
Varslaren var den eine av to legar på Luftambulansen. Han endte med å få den strengaste dommen frå Helsetilsynet. Det har skapt sterke reaksjonar i fagmiljøet.
- Les også:
- Les også:
Ulik konklusjon for same handling
Helsetilsynet har kome med forskjellige konklusjonar for dei to luftambulanselegane som var involvert i denne hendinga til trass for at de har gjort identiske handlingar, fortel Kristen Rasmussen som er medisinsk leiar ved Luftambulansen i Ålesund.
Medisinsk leiar ved Luftambulansen i Ålesund, Kristen Rasmussen.
Foto: Brede Røsjø / NRK- Les også:
–Det som bekymrar oss er det er han som har stått som varslar i denne saka, er den som får åtvaring, seier Rasmusen.
Han er bekymra for kva innverknad det kan ha.
–Eg fryktar at terskelen for å varsle skal auke på grunn av dette. Det er uheldig, seier Rasmussen.
Får støtte frå leiinga
Han får støtte frå leiinga i Helse Møre og Romsdal, som også fryktar at dette kan medføre høgare terskel for varsling i helsevesenet.
Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Odd Veddeng.
Foto: Brede Røsjø / NRK–Det som kan vere litt tvilsamt med dette, er at når varslaren er den som får advarselen, og ikkje resten av systemet, så kan det føre til at det blir ein høgare terskel for å varsle, seier fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal, Odd Veddeng.
Han vedgår at dette er det stikk motsette av slik dei vil ha det.
Vanskeleg å varsle
På spørsmål om han ville ha varsla, om han kom opp i ein liknande situasjon i dag, veit han ikkje heilt kva han skal svare.
–Eg burde svart eit klart og eintydig ja, seier Rasmussen.
Men han ville ha tenkt seg nøye om.
–Eg ville diskutert med mine kollegaer, og så ville eg forhåpentlegvis ha meldt ifrå, seier Rasmussen.