Hopp til innhold

Fryktar at dei ikkje klarer hindre sjølvmord

Tilsette ved akuttpsykiatrien på Molde sjukehus har varsla Fylkeslegen om kritikkverdige forhold. Dei meiner stort overbelegg fører til fare for pasientane sitt liv.

Gamle Molde sjukehus på Lundavang

Akuttpsykiatrisk avdeling ved Molde sjukehus har stort overbelegg av pasientar heile året. Dei tilsette meiner at grunnbemanninga må aukast.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Dei 12 døgnplassane ved seksjon for akuttpsykiatri i Molde har konstant overbelegg. Det er ikkje uvanleg med 16–18 pasientar, skriv tilsette i eit brev til Fylkesmannen. Dei meiner at mettingspunktet er nådd og at det går ut over tryggleiken og behandlinga til pasientane. No krev dei handling.

– Vi er redde for at noko skal skje og veit at vi ikkje gjer ein god nok jobb, seier psykiatrisk sjukepleiar, Jorun Joten. Ho vil presiserer at dei tilsette ikkje har gått til media, men at det er NRK som har tatt kontakt med dei.

Klarer ikkje førebygge sjølvmord

Dei tilsette har i fleire år ropt varsku til leiinga, men føler at dei ikkje blir høyrt. På grunn av overbelegg er det stor arbeidsbelastning på dei fast tilsette, som må jobbe overtid, doble vakter og ekstra helgevakter. Dette fører igjen til at folk blir sjukmelde og utbrente. Det vert også leigd inn ufaglærte vikarar.

– Dette betyr at det ligg eit stort ansvar på oss fagutdanna, seier Joten. Blant anna fryktar dei tilsette at dei ikkje klarer førebygge sjølvmord. Det vert også lite tid til samtalar med pasientane og observasjonar for å finne ut om pasientane har ei alvorleg sinnsliding.

Krev høgare grunnbemanning

Heile personalet på avdelinga står bak brevet til Fylkeslegen og dei krev at grunnbemanninga vert auka.

– Vi jobbar med dei sjukaste pasientane og vi gjer stadige feil, seier Jotun. Arbeidspresset fører til at dei gløymer å gi medisinar og ikkje får tid til arbeidsoppgåver som til dømes sårskift og journalføring. Brevet til Fylkeslegen vart sendt i oktober.

– Situasjonen er alvorleg, men det verkar som om det ikkje nyttar å seie frå. Leiinga kjem berre med tomme lovnader, seier Joten.

Har sett inn tiltak

Espen Remme

Direktør Espen Remme beklagar situasjonen, men seier dei har sett i verk tiltak.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, seier at dei allereie hadde sett iverk tiltak for å betre situasjonen i Molde, før dei tilsette varsla.

– Vi ynskjer at pasientane skal ha så god tryggleik som absolutt mogleg. Det er utfordringar knytt til at belegget er høgt i periodar og det er ei belastning for dei tilsette. Det er berre å beklage, seier Remme.

Ny turnus frå 9. januar skal gi auka grunnbemanning og redusere behovet for vikarar. Det vert også halde vekentlege møter for å sikre at pasientane vert behandla på rett nivå og det er utarbeidd eit dokument for korleis ein skal handtere overbelegg.

Etter at VG og NRK har dokumentert omfattande tvang og stort overbelegg i psykiatrien, har styret i Helse Møre og Romsdal bestemt seg for å ha fullt fokus på psykiatri. På kvart møte framover vert det rapportering om situasjonen.