NRK Meny
Normal

Varslar nytt fakkeltog for neonatalavdelinga i Ålesund

Ho tok initiativet til fakkeltog for neonatalavdelinga i Ålesund for seks år sidan. No gjer ho det igjen.

Mange møtte fram med faklar

Faklane kan igjen bli tende for neonatalavdelinga i Ålesund. Ho som starta fakkeltoget for seks år sidan, spør om det no er på tide igjen. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Camilla Lunde (33) frå Ålesund er ikkje redd for å seie kva ho meiner. For seks år sidan tok ho initiativet til fakkeltoget som samla hundrevis i ålesundsgatene, no vurderer ho å gjere det på nytt. Og saka er den same.

Camilla Lunde

Camilla Lunde i Ålesund seier ho er opplært til å engasjere seg. No kan det bli nytt fakkeltog i Ålesund for neonatalavdelinga.

Foto: privat

Eg syns det er hårreisande å tenkje på at ei mor kanskje skal bli liggande i åtte-ti veker på St. Olavs, medan resten av nettverket og familien er igjen her, seier Lunde.

Blei ikkje samde på møte

Fredag blei det kjent at Ålesund sjukehus og St. Olavs Hospital i Trondheim no førebur ein ny og tøff kamp om kven som skal få lov til å behandle dei aller minste fortidleg fødde borna.

Torsdag var folk frå fagmiljøa samla i Trondheim, men dei blei ikkje samde.

Medan dei tilsette i Ålesund dei bør gjere det, held kollegaene på St. Olavs fast på at kompetansen bør samlast i Trondheim.

– Opplært til å engasjere seg

Forslaget om å flytte dei aller minste til St. Olavs Hospital i Trondheim har sett fart i diskusjonen blant folk flest fredag. Lunde har sjølv lansert ideen om eit nytt fakkeltog – på Facebook.

Ho er tobarnsmor, utdannar seg til grunnskulelærar og seier ho er opplært til å engasjere seg. Ingen av hennar barn har nokon gong vore på neonatalavdelinga. Ho seier ho er opplært til å engasjere seg.

– I forhold til den tappinga av kunnskap, det er det eg har uroa meg for før, og no også, når ein høyrer at dei vil flytte fagfelt og ressursar til andre sjukehus i Helse Midt. Då blir eg ganske engasjert, seier ho.

Les også:

Elisabeth Nørve er med

Elisabeth Nørve

Høgre-politikar Elisabeth Nørve har kjempa for neonatalavdelinga i Ålesund fleire gongar. Ho er parat til å brette opp ermane igjen.

Foto: Rune Hansen / NRK

Fakkeltoget som ho leia for seks år sidan samla fleire hundre i ålesundsgatene. Ei av dei var høgrepolitikar Elisabeth Nørve, som heldt appell. Ho seier ho vil slost for tilbodet så lenge ho kan.

Kvifor i alle dagar skal det raserast fordi dei der oppe ønskjer å ha det? Dei har slåst for dette i alle desse åra, fjorten år, vil eg tru, i alle fall så lenge eg har halde på, seier den erfarne stortingspolitikaren.

Nørve meiner det ikkje finst faglege argument for å flytte tilbodet.

Så lenge du har eit fagleg godt tilbod som er fullt på høgde med det dei kan gje i Trondheim, er det ingen grunn til å leggje ned avdelinga i Ålesund, seier Nørve.

Ho har kjempa for avdelinga ved fleire høve, og seier det ligg føre to stortingsvedtak på at tilbodet ikkje skal flyttast til Trondheim, så lenge det er fagleg godt.

Vil vise støtte og motstand

Etter at NRK skreiv om saka fredag, har svært mange på grasrotnivå reagert. Sjølv skreiv Camilla Lunde fredag at det kanskje er på tide med eit nytt fakkeltog. Ho har trua på at det har effekt.

Eg trur det vil ha mykje å seie for å kunne skape blest og merksemd rundt saka, både i forhold til å vise at vi støttar opp om sjukehuset, avdelinga og familiane som blir råka. Samtidig er det også det å vise at vi ikkje finn opp i denne tappinga av ressursar og fagleg spisskompetanse, som ein er redd skal skje, seier ho.