Hopp til innhold

Varslar nedbemanning

Under opninga av styremøtet i Helse Møre og Romsdal i dag varsla administrerande direktør Nils Kvernmo at han kjem med ein nedbemanningsplan i juni.

– Dette blir ei avveging av kva som er økonomisk naudsynt å gjere og kva som er mogleg å få til på forsvarleg vis, sa Kvernmo.

Han opplyste at føretaket no styrer mot eit negativt resultat på 100 millionar kroner. Dette underskotet var først budsjettert til 44 millionar, blei i april auka til 80 millionar, og ligg no altså på 100 millionar kroner.

– Dei ferskaste tala viser at vi går mot minus 100 millionar kroner, sa Kvernmo.

Kvernmo varsla at han er i ferd med å organisere ei ekstern omstillingsgruppe som skal støtte opp under nedskjeringsprosessen.

– Helse Møre og Romsdal slit med gjennomføringsevna, sa Kvernmo.

Nils Kvernmo
Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL