Hopp til innhold

Brann i bustadhus i Ålesund: Evakuerte naboar får reise heim

Vel 30 bebuarar i Hatlane i Ålesund fekk ved 04-tida reise heim etter å ha vore evakuerte frå heimane sine. Store mengder røyk frå ein bustadbrann gjorde at politiet evakuerte bustadene deira natt til torsdag.

Brann i Hatlane

Det var mykje røyk på staden.

Foto: Frode Berg / NRK

– Alle får no reise heim, opplyser Torbjørn Mikalsen til NRK klokka 04.15.

Han er blant ambulansepersonellet på staden.

Torbjørn Mikalsen

Torbjørn Mikalsen under evakueringa i Hatlane natt til torsdag.

Foto: Frode Berg / NRK

Naboane blei evakuerte til omsorgssenteret i Hatlane like etter klokka 3.30. Tidlegare på natta blei dei bedne om å halde seg innandørs og lukke dører og vindauge.

Innsatsleiar under brannen i Hatlane

Innsatsleiar Karl-Idar Vik.

Foto: Frode Berg / NRK

Fleire av bebuarane på omsorgssenteret blei flytta til ein del av bygget som ligg lengst vekk frå brannstaden. I følgje skadestadsleiar Karl-Idar Vik i politiet var det ikkje på grunn av fare for at brannen skulle spreie seg.

– Det var eit tryggingstiltak for å unngå at bebuarane blei utsette for røyken, seier han.

Mykje røyk

Brannen blei meldt like før klokka 0200. Ein person som var i huset kom seg ut på eiga hand, fortel operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Sunnmøre politidistrikt.

Ambulanser på plass i Hatalne

Ein person blei tatt hand om av ambulansepersonell.

Foto: FrodeBerg( n12766@nrk.no ) / NRK

– Han kom seg ut og blei tatt hand om av helsepersonell, seier han.

Brann i Hatlane

Alle nødetatane rykte ut til brannen.

Foto: FrodeBerg( n12766@nrk.no ) / NRK

NRK sin reporter på staden kunne ved 2.30-tida rapportere om mykje røyk i området. Politiet gjekk då frå hus til hus og ba folk lukke vindauger og dører for å unngå røyken. Det er ikkje kjent om denne er giftig.

Det vare ein person i huset då det starta å brenne.

Sløkkearbeid av bustadbrann i Hatlane

I 04-tida var brannen sløkt.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vedkommande har kome seg ut og blir undersøkt av helsepersonell, seier Ferstad.

Brannen blei meldt like før klokka 0200. Det blei då meldt om brann i 2. etasje av bygget.