Hopp til innhold

Jordskredfare i Møre og Romsdal søndag

NVE melder om jordskredfare i delar av fylket søndag. Etaten anbefaler folk å reinske drenering og stikkrenner.

Rasfare i Møre og Romsdal

Oversikta til NVE viser at 13 kommunar i Møre og Romsdal søndag opplever auka jordskredfare.

Foto: Skjermdump, varsom.no

Det er store nedbørsmengder natt til søndag som gjer at varselet no går ut. I tillegg er det venta meir nedbør utover dagen.

På nettstaden varsom.no kan du fylgje med om din kommune er mellom dei som er ramma av varselet.

Skalaen til Noregs Vassdrags- og Energidirektorat går frå grøn, via gul og oransje, til raud.

- Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er høg. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring vil vere spesielt utsette, skriv NVE.

Aure, Gjemnes, Halsa, Molde, Nesset, Norddal, Rauma, Rindal, Stordal, Sunndal, Surnadal, Tingvoll og Vestnes er kommunane som no opplever rasfare, i følgje varselet.

Varselet om rasfare gjeld også delar av Sør-Trøndelag.