NRK Meny
Normal

Varslar fleire oppgåver for Åknes/Tafjord

Åknes/Tafjord beredskapssenter får fleire oppgåver. Det varsla NVE under dagens markering av at staten formelt har tatt over ansvaret for overvakinga av farlege fjell.

Nve overtar ansvaret for Åknes/Tafjord beredskapssenter

Per Sanderud i NVE under markering på senteret. Han seier kompetansen på senteret skal nyttast i heile landet.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

NVE overtar ansvaret for Åknes/Tafjord beredskapssenter

Dagleg leiar i Åknes/Tafjord beredskapssenter saman med Per Sanderud frå NVE under markeringa.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Eg trur vi no får utnytta kompetansen som finst her til heile landet, seier energi- og vassdragsdirektør i NVE, Per Sanderud.

Han seier senteret no blir del av eit større miljø og får nokre fleire arbeidsoppgåver.

– Men ikkje minst skal dei halde fram arbeidet dei gjer med å overvake Åkneset og dei andre fjella.

Frå 1. januar tok staten formelt over ansvaret for senteret. Under markeringa i dag var både representantar frå kommunane og NVE tilstades. Sanderud seier det kan kome nye oppgåver knytt til kartlegginga av risikoutsette skredområde.

– Vi er ferdige med Troms, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og skal vidare til andre fylke. Blir det avdekt nye høgrisiko-område kan det bli aktuelt med overvaking også der.

– Ein gledens dag

Frank Sve

Styreleiar i Åknes/Tafjord beredskapssenter, Frank Sve, er glad for at staten no tar over.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Dette er både gledeleg, og vemodig, seier styreleiar i Åknes/Tafjord beredskapssenter, Frank Sve.

Kommunane i omårdet har jobba lenge for at staten skal ta over overvaking. Sve seier dei har påpeikt at dette er ei for stor oppgåve for kommunane. Han seier dei er glade for å ha blitt høyrt.

– Kommunane har jobba med dette sidan 2003, så det er ikkje lite arbeid vi har lagt ned. At staten tar over er eit godt skussmål for senteret. Målsetjinga må jo vere at dei gjer det minst like bra som vi har gjort det, så det skal vi passe på.

Også ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda er glad for at ansvaret no er plassert på høgste nivå.

– Eg håper det no kan utviklast ny kunnskap om fjellskred, slik at vi på sikt kan bli enda tryggare, seier Tryggestad.

Framleis usemje om gjeld

Staten har no overtatt driftsutgiftene til senteret. Men framleis er det uklart kva som skjer med gjelda på 22 millionar kroner.

– Staten tar det fulle ansvaret for drifta, og i tillegg er det ein dialog mellom kommunane og departementet om gjelda, men det er ikkje avklart, seier Sanderud.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda håper dei også skal bli samde om gjelda til senteret.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tryggestad håper også dette no skal løyse seg.

– Vi håper staten skal betale dei utgiftene vi har lagt inn i prosjektet, men her har vi ein dialog, seier han.