Hopp til innhold

Varslar fleire kontrollar

Ålesund kommune set i verk tiltak i samband med at det frå og med i dag igjen er lov å skjenke alkohol på serveringsstader. Noreg starta på trinn to av gjenopningsplanen etter koronapandemien på torsdag. Ålesund, Sula og Giske kommune venta til i dag med å lette opp på alkoholserveringa, for å først sjå korleis det gjekk i resten av landet.

Førre gong ein opna for skjenking, starta eit stort smitteutbrot knytt til utelivet i Ålesund.

Ordførar, Eva Vinje Aurdal, trur både kommunen og næringslivet har lært ei lekse sidan den gong.

– Vi styrkar mellom anna kontrollane av serveringsbransjen, både i helga og framover, for å sjå at reglar og anbefalingar blir følgt. Dette er noko som også har vore etterspurt av bransjen sjølv, seier Aurdal.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap).
Foto: Frode Berg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL