Hopp til innhold

Midt-Noreg kan få dyrast straum i Norden etter kraftlinje-stans

Straumprisane i Midt-Noreg kan bli dei høgste i heile Norden, skriv Statnett i eit brev til Olje- og energidepartementet. Bakgrunnen er utsetjinga på arbeidet med kraftlinja mellom Ørskog og Fardal.

Myklebustdalen kraftlinje

Arbeidet i Myklebustdalen i Sogn og Fjordane har blitt stansa som følgje av ei rettsleg avgjerd. Det kan få store konsekvensar i Midt-Noreg.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

– Sannsynet for at ein svært anstrengt kraftsituasjon kan oppstå er større, i og med forseinkinga på linja, seier kommunikasjonsdirektør Kristian Pladsen i Statnett.

Arbeidet med kraftlinja mellom Ørskog og Fardal måtte stansast heilt etter at grunneigarane i Myklebustdalen i Ålfoten fekk medhald i ankesaka si i Gulating lagmannsrett.

Statnett får ikkje leggje kraftlinja gjennom dalen slik det først var tenkt.

Dette får no store konsekvensar for både utbygginga og energisituasjonen i fleire av kommunane der kraftlinja skulle gå, melder Statnett via Olje- og energidepartementet.

Borten Moe gjekk mot tilrådingane

Arbeidet på kraftlinje-prosjektet mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn blei stansa heilt for ei dryg veke sidan. Olje- og energidepartementet sitt traséval gjennom Myklebustdalen i Bremanger kommune blei fatta på feil grunnlag, og Statnett måtte stoppe opp.

Navarsete ser på Borten Moe under pressekonferanse 2013

Ola Borten Moe avgjorde i 2011 at kraftlinja skulle leggjast gjennom Myklebustdalen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det var dåverande olje- og energiminister Ole Borten Moe bestemte seg for å oversjå NVE og Statnett si tilråding om å leggje kraftleidningen i Førdedalen.

I staden blei linja vedtatt lagt gjennom Sørdalen naturreservat og Myklebustdalen.

Bremanger-ordføraren frå Senterpartiet blei skulda for kameraderi i etterkant av avgjerda. Kraftlinjevedtaket gjorde at linja gjekk vekk frå eigedomen til Borten Moe-partifellen.

Heile linja blir utsett

Grunneigarane i Myklebustdalen var rasande i etterkant av avgjerda. Dei gjekk til retten, men tapte først i Oslo tingrett. Så anka dei til lagmannsretten og vann.

Statnett har stansa arbeidet, og mellom 75 og 100 millionar kroner kan vere bortkasta – dersom dei ikkje får starta opp att arbeidet. Det er framleis ukjent om Statnett vil anke til høgsterett.

I eit brev til Olje- og energidepartementet melder Statnett onsdag at strekninga mellom Ørskog og Høyanger ikkje kan gjerast ferdig innan utløpet av 2015. Det fører igjen til problem på resten av strekninga.

«Ettersom ferdiggjering av strekninga mellom Ørskog og Høyanger er ein føresetnad for å kunne starte arbeidet mellom Høyanger og Sogndal, vil strekninga Høyanger-Sogndal ikkje kunne ferdigstillast i 2016», melder Statnett.

– Vanskelegare energisituasjon

Vidare vil stansen i utbyggingsarbeidet føre til problem for straumforsyninga i Midt-Noreg.

«Forseinka gjennomføring av sambandet Ørskog-Sogndal vil medføre ein vanskelegare energisituasjon på Møre.», seier Statnett.

Sannsynet for ein svært anstrengt kraftsituasjon vil auke når Nyhamna i Aukra aukar forbruket med 120 megawatt i fjerde kvartal i 2016, blir det vidare sagt.

I tørre år vil i tillegg sannsynet for bruk av reservekraftverk auke.

«Prisane i Midt-Noreg kan også bli høgare enn i resten av Norden».

– Denne linja er så viktig for Midt-Noreg. Når den då blir forseinka så blir vi meir utsette for såkalla tørre år med lite vatn i vassmagasina. Då aukar sannsynet for ein vanskeleg kraftsituasjon, og då aukar igjen sannsynet for høgare prisar i Midt-Noreg, seier kommunikasjonsdirektør Kristian Pladsen i Statnett.

Saka held fram under bildet.

Flyfoto av Nyhamna i Aukra

Auka straum på Nyhamna i Aukra vil kunne skape trøbbel.

Foto: Svein Roger Ivarsen
Ørskog - Fardal

Slik blei traséen mellom Ørskog og Fardal avgjort i 2011. TRYKK PÅ BILDET FOR Å SJÅ STØRRE VERSJON.

Foto: Regjeringa

Aluminiumsproduksjon kan bli råka

Dersom prosjektet blir forseinka til desember 2017 vil forbruksauken på Nyhamna råke Hydro aluminiumsverk på Sunndalsøra, skriv Statnett. Det vil skje gjennom meir bruk av systemvernet – frivillig utkopling av stort forbruk.

«Dersom systemvernet blir aktivert, må det vere tilgjengeleg produksjon i Møre-nettet og i Nordfjord i løpet av 1–2 timar for å unngå at produksjonslinja ved aluminiumsverket blir øydelagt.»

Reservekraftverket på Nyhamna eller Tjeldbergodden kan brukast til å dekkje behovet dersom der ikkje er tilgjengeleg straumproduksjon.

Det blir til slutt sagt frå Statnett at forseinkinga i Ørskog-Fardal-prosjektet truleg vil råke planlagde utbyggingar av ny, fornybar energi langs linja.

Rundt 2/3 av det planlagde volumet, både av prosjekta som har fått NVE-konsesjon og dei som er til konsesjonsbehandling, vil truleg bli råka.

Risikoen for at fleire prosjekt ikkje vil bli gjennomført er til stades.