Kjappe tekstmeldingar varsla naboane om at noko var på ferde på Hjelset laurdagskvelden. Ingolf Mork er ein av dei som via tekstmelding frå ein nabo fekk vite at ein mann frå vaksenpsykiatrisk avdeling var på rømmen, at han var væpna og kunne vere farleg. Det sto også at politiet leita etter mannen.
Har brukt SMS før også
Etter å ha fått meldinga låste naboane bilar og ytterdører, og passa på at borna var innadørs. Like etter gjekk mannen til angrep på ytterdøra til eit eldre ektepar, før væpna politi pågreip den 23 år gamle mannen.
Ingolf Mork seier at naboane til vaksenpsykiatrisk avdeling også tidlegare har tatt i bruk tekstmeldingar for å varsle nabolaget raskt og effektivt.