Her kan det bli jordbærkaos

VALLDAL (NRK): I jordbæråkrane i Valldal på Sunnmøre blir det hektisk dei neste dagane. Varmebølga kan føre til at bæra blir modne raskare enn dei rekk å plukke.

Jan Ole Fuglem, jordbærbonde

KLAR: Jordbærbonde Jan Ole Fuglem på Gjærå i Valldal er klar til hektiske dagar.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Først hadde vi ein veldig tidleg og varm vår, så fekk vi ein iskald sommar og no varmebølge. Vi bærbønder må berre vere klare til å takle alt, konstaterer Jan Ole Fuglem.

Prisen kan gå ned

Jordbær i Valldal

RASKT: Det er venta at grøne bær vil bli raude raskt når varmen slår inn.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Han er ein av 20 jordbærbønder i den vesle bygda Valldal på Sunnmøre som no forbereder seg på at varmen vil gjere bæra modne raskare enn dei set pris på.

– Det betyr nok at det vil kome mykje bær på marknaden herifrå den neste tida. Men om det vil føre til at prisen går ned, vil vise seg. Det er tilgangen på bær i den norske marknaden totalt sett som avgjer det, seier han.

Jordbærplukkere, Valldal

HEKTISK: 35 jordbærplukkarar frå Polen er i sving på garden til Jan Ole Fuglem.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Organisasjonen Valldal grønt, som tar i mot bæra for vidaresal, er også forberedt på at det blir travle dagar framover.

– Men jordbærsesongen varierer. Nokre dagar tar vi imot 16 tonn, medan rekorden er 65 på ein dag, så dette skal vi klare, seier dagleg leiar Harald Valle.

Gruer seg til varmen

Wojtek Rychlidki

VARMT: Wojtek Rychlidki ser ikkje fram til dei varme dagane i åkeren.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Jordbærplukkar Wojtek Rychlidki har hatt sommarjobb på garden i Valldal i sju sesongar. Han er klar over at det meldt opp mot 30 grader dei neste dagane, og han gler seg ikkje til det.

– Det er ein hard jobb, og enda hardare blir det når det er varmt. Det blir også vanskelegare å ta unna all bæra som blir moden.

Men jordbærbonden Jan Ole Fuglum trur det skal gå greitt. Nokre av dei tilsette klarer å plukke 250 kilo på ein dag.

– Vi jobbar så lenge vi kan, men samtidig så er det grenser for kor lenge vi kan halde på. Sjølv om bæra er moden, må vi jo halde oss til arbeidsreglementet, slår han fast.

Elida og Heine Fuglem på sommarjobb heime på garden

STÅR PÅ: Elida og Heine Fuglem sørgar for at bæra frå heimgarden kjem ut til kundane.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

To av barna på garden, Elida Fuglem (14) og Heine Fuglem (12) vil også gjere sitt til at jordbæra kjem seg ut til butikkane. Dei har sommarjobb på garden, og startar klokka seks kvar morgon.

– Det er kjekt å kunne bidra, men Elida et litt for mykje bær. Eg synest vi skal unngå å ete for mykje. Vi er jo trass alt på jobb, seier Heine, før han går tilbake til arbeidet med jordbærkassene.

Jan Ole Fuglem og dottera Vilja (10)

KLART TIL LEVERING: Jan Ole Fuglem og dottera Vilja (10) sender ein av dagens jordbærpallar til butikken.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK