Avgjersla om varetekt vart gjort på eit fengslingsmøte onsdag føremiddag.
Ein russisk asylsøkjar oppgav dårlege forhold som grunn til at han forsøkte å tenne på leiaren for eit asylmottak i Ålesund. No vert han varetektsfengla fram til 15. februar.
- Les også:
Den sikta, ein mann i 40-åra, dynka mottaksleiaren med brennbar væske og forsøkte å setje fyr på han, men vart overmanna av fleire tilsette på staden. Desse heldt kontroll på russaren til politiet kom få minutt seinare.
– Vi ser svært alvorleg på saka, det er jo eit forsøk på mordbrann og drap, sa operasjonsleiar Trygve Ødegård til NRK rett etter hendinga.
– Han har hatt dette som føremål ved å kjøpe inn væske og oppsøkt staden, la operasjonsleiaren til.
- Les også:
Ifølgje NTB har sikta hatt tilknyting til mottaket ei stund. Han skal ha budd åleine og har ikkje noko familie i området. Mannen, som skal ikkje vere kjend for liknande episodar, er sikta for grov lekamskading og skadeverk.