Hopp til innhold

Varetektsfengsla i fire nye veker

Ein mann i 30-åra er sikta for å ha lurt unge jenter til å sende seksualiserte bilde av seg sjølv over internett. Dette skal ha gått føre seg over lang tid, og politiet treng difor meir tid til å gjennomføre etterforskinga, opplyser politiadvokat Inger Myklebust Ferstad om den forlenga varetektsperioden. Mannen vart pågripen på Søre Sunnmøre, men er ikkje heimehøyrande der.