Hopp til innhold

Varetektsfengsla etter knivstikking

Ei kvinne i 40-åra er varetektsfengsla i fire veker etter å ha knivstukke mora i ein heim i Fræna, skriv rbnett. Knivstikkinga skjedde måndag, og kvinna skal ha forklart at ho hadde til hensikt å ta livet av mora. Kvinna er førebels sikta for grov kroppsskading, men siktinga kan bli utvida. Den fornærma er lagt inn på sjukehus og får behandling for stikkskadar. Skadane er ikkje livstrugande, skriv politiet i ei pressemelding.