Hopp til innhold

Varebil hamna på taket i Velledalen

Politiet trur sjåføren køyrde for fort då ulukka skjedde.

Ingen vart skadd i ulukka. Politiet mistenker høg fart.

Sjå video frå ulukkesstaden. Foto: Robert Kvam.

Bilulukke Velledalen

Sjåføren, som var åleine i bilen, kom ifrå ulukka utan skader.

Foto: Robert Kvam

Ingen personar vart skadd, men bilen vart totalvraka etter at han hamna utfor vegen i Sykkylven i kveld.

– Ein patrulje på staden har sett på skadane bilen har fått og meiner dei kan ha ein samanheng med høg fart, seier operasjonsleiar Arild Reite til NRK.

Det er no opp til juristane å vurdere om det er noko som skal straffeforfølgjast. Operasjonsleiaren meiner det er godt mogleg at det skjer.

– Det er klart at når ein bil går rundt, er det ikkje det same som å ha trilla ut i grøfta, kommenterer han.

Politiet opprettar derfor sak på den mannlege sjåføren. Mannen skal vere i 30-åra og kjem frå Italia.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL