Hopp til innhold

Vard kan kome på italienske hender

Verftskonsernet Vard kan kome på italienske hender dersom hovudaksjonæren får gjennomslag for planane sine.

STX OSV Søviknes

Hovudaksjonæren i Vard ønskjer no å overta alle aksjane.

Foto: Pressebilde / STX OSV

Hovudkontoret til Vard ligg i Ålesund, men no står altså italienarane klare for å ta over alle aksjane i selskapet.

Det er i dag italienske Financieri som eig vel 55 prosent av aksjane, og dei har lagt inn bod på resten av aksjane, skriv Sunnmørsposten.

Kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll er svært ordknapp om børsmeldinga.

Vi er kjent med børsmeldinga som er komen, men kan ikkje kommentere meir, seier ho, og vil ikkje svare på om ho er overraska over det italienske bodet.

Permitterte også i Vard

Også Vard har fått smake nedgangstidene i oljesektoren. I mai 2015 var 180 tilsette av den norske staben på rundt 1500 permitterte.

Ifølgje Akselvoll har ordreinngangen hausten 2016 vore god, men framleis er nokre permitterte fordi dei ventar på at skroga skal kome til Noreg for utrusting.

Vil ha over 90 prosent

Italienske Financieri er ifølgje børsmeldinga berre interesserte dersom vi oppnår over 90 prosent av aksjane, og bodet svarar til om lag 747 millionar kroner.

Vard har i dag fem skipsverft i Noreg, og har lange tradisjonar både i Aukra, Haram og Vestnes.

Selskapet også fem verft i Brasil, Romania og Vietnam, og fleire andre utanlandske selskap. Til saman har selskapet over 9 000 tilsette.