Nesset-ordførar Kasper Mittet. Foto: Gunnar Sandvik, NRK
I ei innstilling til formannskapet går Mittet inn for å melde varaordføraren til politiet etter at det er avdekt urettmessige utbetalingar, skriv Romsdals Budstikke.
Varaordførar Eivind Torvik skal ifølgje saksframlegget ha kravd og fått vederlag for tapt arbeidsforteneste i samband med sitt kommunale verv utan at han hadde rett til det.
Varaordføraren ønskjer ikkje å gi nokon kommentar.
I innstillinga blir det også reist kraftig kritikk av kontrollutvalet si handtering av saka.