Var på Sri Lanka før helga

– Det var veldig god stemning. Ikkje noko skulle tilseie at det få dagar etterpå skulle kome eit terroråtak, seier Kristine Stokke Hoddevik frå Ålesund. Saman med Mari Svendsen Aase frå Sveio i Hordaland brukte ho påskeferien til å reise på backpackertur på Sri Lanka. Nyheita om terrorangrepet kom som eit sjokk på begge to. – Det er heilt frykteleg trist at noko skjer med det som vi opplevde som eit veldig fredeleg folk, seier Hoddevik. Dei to reiste rundt til fleire storbyar i landet og reiste heim til Noreg fredag kveld. – Det er veldig skummelt å tenke på at vi var så nære. Heldigvis har vi kome oss heim, det er vi veldig takksame for.

Var dagar frå å vitne terroråtake på Sri Lanka
Foto: Privat