Var om bord i skipet

Ålesund kommune opplyser at fire av passasjerane som var om bord i Hurtigruten sitt ekspedisjonsskip MS Roald Amundsen er frå Ålesund. – Passasjerane er utan symptom og skal testast på måndag 3. august i Ålesund, fortel kommunen. To av dei skal vere i karantene til og med 03.08, dei andre to skal vere i karantene til og med 10.08. Kommunen opplyser vidare at dei vil følge situasjonen tett. I tillegg til desse har NRK fått bekrefta at seks personar sitt i karantene i Rauma av same grunn. Dei er ifølge kommunen i god form og utan symptom. Kommunelege i Molde, Cato Innerdal, opplyser til NRK at det også er personar som er busett i Molde som var blant passasjerane. Desse er sett i karantene. – Av omsyn til personvernet vil eg ikkje gi ytterlegare informasjon på dette tidspunktet, seier han.