Hopp til innhold

Var nær ved å drukne om bord i Viking Sky

Britiske Suzanne Clarke (51) og Priscilla Saunders (63) var nær ved å drukne då cruiseskipet Viking Sky fekk trøbbel laurdag formiddag.

Suzanne Clarke og Pricilla Saunders var ombord på Viking Sky

Dei to venninnene er veldig glad for at det har gått så bra.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det kjendest som ein tsunami hadde treft oss, vi trudde vi kom til å drukne, seier dei to damene. Dei var om bord Viking Sky då det fekk trøbbel laurdag formiddag.

Cruisebilletten hadde dei bestilt for 18 månadar sidan. Og gledde seg til å reise på cruise ei anna tid på året enn dei brukar.

– Vi var veldig lystne på å sjå nordlyset, så eit vintercruise verka veldig spennande, seier Priscilla Saunders.

Opplevingane i Nord-Noreg var mange, dei hadde vore i Alta og i Tromsø og til og med fått sett nordlyset.

Så bar det heimover med Viking Sky.

– Det er eit nydeleg skip. Maten var og utruleg god. Vi var heldige og hadde sola med oss, og fekk ei fantastisk utsikt frå skipet, vi hadde nokre veldig fine dagar, seier Suzanne.

Så byrja dramatikken

På fredagskvelden før katastrofen inntrefte, fekk dei beskjed om at det kunne bli vêrhardt.

– Eg vakna på natta av at skipet var uroleg, men det var ikkje noko alvorleg, så eg sovna att, seier Suzanne.

På laurdagsmorgonen hadde det roa seg igjen, men det varte ikkje lenge.

– Det blåste kraftig, og vi gjekk ut på dekk for å sjå dei store bølgene. Vi filma det og sende det til familie og vener. Det var om lag i totida, seier Suzanne.

Cruiseskipet Viking Sky nær land på Hustadvika

Cruiseskipet Viking Sky på laurdag formiddag. Rundt klokka to sende dei ut mayday-signal om at dei hadde fått motorstopp.

Foto: Gunnar Holten

Rett etter at ho hadde sendt videoen, fekk alle passasjerane beskjed om å møte opp på evakueringsplassane om bord i skipet. Noko dei hadde øvd på ein av dei første dagane dei kom om bord.

– Vi skjønte alvoret med ein gong, vi visste at denne typen evakuering betydde alvor, då vart vi redde, seier Suzanne frå sjukesenga.

Det tok tid før passasjerane fekk informasjon frå kapteinen. Så melde dei over høgtalaranlegget at dei ikkje fekk i gang motorane, men dei prøvde å sette anker.

– Så høyrde eg at mannskapet fekk beskjed om å lukke alle dørene for dei var redd for at vatten skulle komme inn i skipet, så skjønte eg at dette kunne gå gale, seier Suzanne.

Trass i den dramatiske situasjonen, følte dei at det ikkje var kaotisk. Heilt fram til døra der Suzanne og Priscilla sat, vart slått inn av ei kraftig bølgje. Begge to vart dregne under vatten og vart kasta rundt saman med stolar og bord.

– Det kjendest som ein tsunami hadde treft oss, vi trudde vi kom til å drukne, seier dei to damene.

Då vatnet trekte seg ut att var Priscilla fanga under eit bord, ho hadde fått ein del vatten i lungene, men mykje adrenalin gjorde at ho ikkje kjende på smertene. Suzanne hadde fått skikkeleg juling.

– Ho vreid seg av smerte, og det var vanskeleg å halde henne vaken, sikkert på grunn av dei sterke smertene, seier Priscilla.

Ein video frå David Hernandez viser at vatn strøymer inn der dei evakuerte passasjerane sat.

Laster Twitter-innhold

Vart henta med helikopter

Dei fekk hjelp av personellet om bord. Suzanne som var mest alvorleg skadd vart sendt med helikopteret først. Priscilla måtte vente til neste.

– Det var utruleg kaldt, eg var jo søkkvåt, og det var veldig skummelt å bli heist opp i helikopteret i det vêret, seier Priscilla.

Dei to var ein av dei nærmare 500 som vart evakuert frå skipet med helikopter. Dei vart sendt til Molde sjukehus for behandling.

Før ulykka inntrefte hadde dei om bord Viking Sky bestilt ein ny cruisetur i oktober.

– Vi hadde det så kjekt at vi ville bestille ny tur med ein gong, men den kjem eg nok til å avbestille, seier Suzanne.

Også ein rekke andre videoar som har blitt publisert på sosiale medium viser knuste vindu, og møblar som flyg vegg i mellom grunna dei høge bølgjene.

Videoar frå passasjerar om bord viser dei enorme kreftene som har vore i sving.