Hopp til innhold

Var ikkje ei mine, men eit rusta grasklipparhjul

Eksplosivryddarar frå Forsvaret har vore på Straumsnes i Tingvoll og fjerna gjenstanden nokon trudde var ei mine. Det var ikkje ei mine eller anna eksplosiv, men eit svært rusta hjul til ein gammal grasklippar, skriv politiet på Twitter. Forsvaret sine folk opplyste at gjenstanden lett kunne forvekslast med ei mine, og gav honnør til den som hadde meldt frå. – Han har gjort alt korrekt.

Gjenstanden som ble funnet på Tingvoll kan være en mine. Den er gammel, rusten og rundt - med litt bronsefarger.
Foto: Martin Gjershaug
På Straumsnes i Tingvoll fann nokre arbeidarar ein mistenkeleg gjenstand ved eit hyttefelt. Dei trudde at det kunne vere ei mine. Politiet tok kontakt med Forsvaret og sperra av eit område på 100 meter.