NRK Meny
Normal

– Venstre bør gå i regjering

– Venstre bør gå i regjering for å påverke politikken og sikre gjennomslag for partiet sine viktigaste saker, seier ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V).

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V) meiner Venstre bør gå i regjering saman med Høgre og Frp.

Foto: Arne Flatin / NRK

Lena Landsverk Sande er den einaste Venstre-ordføraren i Møre og Romsdal, og følgjer nøye med på kva partiet gjer.

Dei siste fire åra har Venstre og KrF hatt ein samarbeidsavtale med Høgre-Frp-regjeringa. Etter stortingsvalet går KrF i opposisjon medan Venstre held fram forhandlingane med regjeringspartia.

– Eg meiner vi skal gå inn for å vere ein del av regjeringa, seier Landsverk Sande.

Uklart kva veg Venstre går

Både Venstre og KrF sine medlemmar har lagt klare føringar på at dei ønskjer seg ei blågrøn regjering utan Frp etter valet.

– Landsmøtet til Venstre har sagt at vi ønskjer å søkje makt, og det er i regjeringa du har reell makt, seier vanylvsordføraren.

Borgerlige samtaler

Trine Skei Grande (V) seier Venstre ikkje har bestemt seg for korleis dei skal samarbeide med dei andre borgarlege partia.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Partileiar, Trine Skei Grande, har likevel slått fast at dei folkevalte står over partiorganisasjonen og at det endå er uklart kva Venstre landar på.

– Det er ikkje landsstyret i Venstre som bestemmer. Det er gruppa som bestemmer i Venstre. Dei folkevalte står over partiorganisasjonen, sa hun til NRK onsdag denne veka.

– Bør takke ja til å gå i regjering

Lena Landsverk Sande er redd Venstre blir ståande utan makt denne perioden, og at partiet ikkje vil få gjennomslag for sakene sine.

– Får vi ikkje gjennomslag for våre ekstremt viktige saker er det ingen grunn for oss til å gå i regjering. Då må vi berre innsjå at vi står utan makt denne perioden.

Fryktar du at de kan bli borte i opposisjon?

– Det er klart det er ein frykt, og det er difor eg meiner at har du høve til å gå inn i ei regjering, så skal du takke ja til det.

Borgerlige samtaler.

Det er enno uklart kor mange av dei borgarlege partia som kjem til å vere med i regjeringa.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix