Hopp til innhold

Vanylvsordførar: – Dette er det beste som kunne skje oss

Det er full jubel over at regjeringa fullfinansierer Stad Skipstunnel. Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk, seier at det er ein draum som har gått i oppfylling.

Lena Landsverk, Stein Robert Osdal og Randi Humborstad

Lena Landsverk saman med Stein Robert Osdal, ordførar i Selje og Randi Humborstad i Nordfjord vekst.

Foto: Trond Vestre / NRK

I dag kom nyhenda om at regjeringa vil bygge verdas første skipstunnel. Tunnelen skal gjere det tryggare for båtar å krysse det verutsette Stadhavet. I fleire tiår har det blitt jobba for å realisere planane, og i dag vart det flagga langs kysten i glede. Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk (V) var ei av dei som jubla.

– Eg er så glad. Dette er det beste som kunne skje oss. Dagen er nydeleg og vedtaket er gjort, seier Landsverk. Ho er takknemleg over den årelange innsatsen som har blitt lagt ned for å få realisert tunnelen og seier at ein draum har gått i oppfylling.

Blir ikkje stoppa halvvegs

Dei siste utrekningane viser at tunnelen kjem til å koste 2,7 milliardar kroner. Regjeringa og støttepartia har sett av 1,5 milliardar kroner i første planperiode (2018–2023) og 1,2 milliardar i andre del (2024-2029). Dette betyr i praksis at tunnelen er fullfinansiert, men altså ikkje i første planperiode.

– Det er lagt inn finansiering over begge periodane og Stad skipstunnel kan byrja å bli bygt i dag dersom det hadde vore klart. No er det berre å gjere klart til bygging, seier Landsverk. Ho er ikkje uroa over at all finansiering ikkje skjer i første periode.

– Har du skote holet og rigga opp, så blir det ikkje stoppa halvvegs, seier Landsverk.

Femmil i sørpeføre

Jan Helgøy

Jan Helgøy trur det blir store ringverknader av Stad skipstunnel.

Foto: Trond Vestre / NRK

For tidlegare ordførar i Vanylven, Jan Helgøy (KrF) har denne dagen vore så bra at han aldri gløymer den.

– Dette er så stort at ein treng mange dagar og veker for å fordele kjenslene når ein har arbeidd i 30 år i motstraum og medstraum, seier Helgøy. Han meiner vegen mot Stad skipstunnel kan samanliknast med tre gongar femmil i sørpeføre. Helgøy trur ikkje folk kan ane kor store ringverknader ein slik tunnel vil gi.

– Bu og arbeidsmarknaden vert utvida til det tredoble, trur Helgøy.

Kystverket kan starte bygginga i første del av 2019 og reknar med at arbeidet tar 3–4 år. Tunnelen blir 1700 meter lang.

Skipsførere og loser har denne uka seilt fartøy gjennom Stad skipstunnel i simulator.