NRK Meny
Normal

Reagerer kraftig på føreslått nedlegging av studietilbod

Vanylvs-ordførar Lena Landsverk Sande (V) reagerer på at Fylkesutdanningsutvalet vil leggje ned to linjer ved den vidaregåande skulen i Syvde. Lite gjennomtenkt frå politikarane, seier ordføraren.

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven

Vanylvs-ordførar Lena Landsverk Sande reagerer sterkt på forslaget om å leggje ned to linjer ved den vidaregåande skulen i kommunen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg meiner ein ikkje berre kan sjå på søkjartal. Ja, det har gått ned, men om ein ser på barnetalet i kommunen så skal det gå litt ned dette året, før det går opp igjen neste år, seier Lena Landsverk Sande til NRK.

Torsdag avgjorde Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal at 23 skuletilbod på 14 skular blir lagt ned til hausten. Søkjartalet er argumentet som ligg i botnen av avgjerda, sa seksjonsleiar Geir Løkhaug i Utdanningsavdelinga.

– Eg reagerer veldig sterkt. Legg du ned to linjer ved Vanylven vidaregåande skule, så er det mange elevar som må vekk frå kommunen. Dette er ikkje akseptabelt, meiner Vanylvs-ordføraren.

Mangel på distriktspolitikk

24 studietilbod blei føreslått nedlagt, men berre eitt tilbod – i Ålesund – blei redda. Krf-politikar Steinar Reiten sa torsdag at han gjerne skulle redda mellom anna Vanylven.

– Når vi for eksempel ser at Vanylven slit, ikkje berre med å halde i gong skuletilboda, men med å oppretthalde talet på arbeidsplassar og med å hindre at ungdom forlét kommunen, då meiner eg politikken må slå inn, sa Reiten.

– Ein må sjå kva verdi ein skule har i eit lokalsamfunn. Desse elevane bidreg til auka trivsel for dei andre som går på skulen, og det å ta dei vekk i ein alder av berre 16 år, gjer at dei kjem mykje lenger vekk frå kommunen, seier Landsverk Sande.

Ordføraren meiner avgjerda burde tatt med både trivsel, kvalitet og resultat i skulen.

– Alle desse tinga har Vanylven vidaregåande veldig god score på, likevel legg ein reint ned på bakgrunn av søkjartal akkurat i år.

Gir politikarane ein ny sjanse

Avgjerda gjeld berre for det komande skuleåret, men for ein kommune som allereie jobbar hardt for å halde på innbyggjarar, er dette eit slag i ansiktet.

– Det hjelper oss ikkje når fylket ikkje vil tenkje distriktspolitikk, og når fylket ikkje vil sjå på samfunnsutviklinga ein sikrar ved å halde på skulane, seier ordføraren.

No håper ho fylket kan snu i saka og at kommunen kan gjere noko.

– Eg håper verkeleg det er noko å gjere. Politikarar sit med mange avgjerder, og det er ikkje alltid ein har tenkt seg godt nok om. Det burde politikarane ha gjort her, men eg meiner dei skal få ein ny sjanse og få sjå på det éin gong til.

– Dei må vurdere innhaldet i skulen, ikkje berre talet på søkjarar, for å tenkje framtid og samfunnsbygging, avsluttar ordføraren.