NRK Meny
Normal

Vanylven aukar oljevernberedskapen

Alt nøkkelpersonell i Vanylven er varsla i samband med brannen om bord i Karm Viking.

Karm Viking blir slept

Karm Viking tok fyr ved kaia på Otneimneset i Selje. No er fartøyet slept ut på Vanylvsfjorden.

Foto: Aina Otneim

Det brennande fiskefartøyet Karm Viking ligg under slep i Vanylvsfjorden. I denne fjorden er det ei rekkje oppdrettsanlegg.

Vi har auka beredskapen. Beredskapen er teken fram. Vi har alarmert nøkkelpersonane som må til i første omgang, seier brannsjef i Vanylven, Lasse Rindal.

Brannvesenet har slept den brennande båten Karm Viking ein kilometer vekk frå Otneimneset i Selje, der fartøyet låg ved kai då det tok fyr.

Karm Viking blir slept på fjorden

Karm Viking er under slep på Vanylvsfjorden-

Foto: Redningskøyta Emmy Dyvi

Lensmann Bård Astrup Didriksen seier dei sleper båten ut på fjorden fordi dei er redd for at brannen skal utvikle seg.

– Vi gjer dette for å vere på den trygge sida. Båten blir slept ut på fjorden fordi det er varmeutvikling om bord enno, seier han.

Båten blir slept av redningsskøyta Emmy Dyvi. Også slepebåten Boa Heimdal frå Kystverket er på staden for å hjelpe til.

Vi er klar til å rykkje ut om det skjer noko som skulle tilseie det, seier brannsjef i Vanylven, Lasse Rindal.

Det er ei rekkje oppdrettsanlegg i Vanylvsfjorden.

Vi er uroa for situasjonen når det gjeld oppdrettsanlegga. Mellom anna Marine Harvest har eit oppdrettsanlegg ikkje langt unna. Vi har i første rekkje fokus på dette oppdrettsanlegget, seier Rindal.

Kva har Vanylven kommune gjort i praksis så langt?

Vi har varsla nøkkelpersonane. Dermed kan vi ha klar lastebil og laste opp utstyr som vi har ståande på stasjonen på Fiskå. Dermed kan vi rykkje ut og legge ut lenser om det vert behov for det, seier Rindal.