Slik går det når vikarlæraren aldri har strikka

Ved Tennfjord skule skal 4.-klassingane strikke kvar sin apekatt. Problemet er at læraren aldri har tatt i to strikkepinnar før.

Det er slett ikkje lett å lære kunsten å strikke. Det har elevar ved Tennfjord skule erfart.

Det er ikkje lett å lære seg kunsten å strikke.

Bendik Tennøy Urkedal

Bendik Tennøy Urkedal har fått dreisen på strikkinga og har blitt så god at han kan hjelpe læraren.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I dag er det nasjonal strikkekveld på NRK med 12 timars strikkemaraton. 4.-klassingane på Tennfjord skule i Haram hadde også strikking på timeplanen i dag. Men det er ikkje lett å lære seg strikkekunsten og unngå å sleppe ned mauskar. Å rope til læraren om hjelp var heller inga løysing i dag.

– Er det rett og vrang det heiter, spør vikarlærar Knut Åkre. Han har aldri i sitt liv strikka før.

Heldigvis er det to assistentar i klasserommet som kan kome til hjelp når krisa er nær. Heidi Røv er ein av dei og skulle gjerne ynskt at dei var endå fleire vaksne.

– Det er vanskeleg å ta opp att flokane og hente opp mauskane som ramlar ned, seier Røv. Ho innrømmer glatt at ho ikkje er så glad i å strikke sjølv heller.

For mange mauskar

Knut Åkre

Vikarlærar Knut Åkre har aldri strikka før, så han kan ikkje hjelpe elevane.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I fylgja mønstra på apekatten skal det vere 15 mauskar på pinnen. Det er det slett ikkje alle som har. Mange har auka kraftig.

– Spørsmålet er korleis vi skal redusere talet. Eg trur det må rekkast opp. Det forsto eg også, seier Åkre.

Celina Longva Slyngstad synest det er litt keisamt å strikke.

– Det er så mykje arbeid, seier ho.

Bendik Tennøy Urkedal er oppteken av at det ikkje skal bli hol i strikketøyet. Han er litt stolt over at han er flinkare til å strikke enn læraren, og viser gjerne korleis Knut Åkre skal kome i gang med strikkinga.

På sjøen

Sjølv om læraren ikkje kan å strikke, har han vore mykje på sjøen. Så når garnet flokar seg, veit han råd.

– Eg er god til å greie opp hyseline. Å knyte opp garn er like vanskeleg som å løyse opp sena på fiskesnøret, seier Åkre.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.