NRK Meny
Normal

Vanskeleg kamp for Hødd

Hødd måtte gi tapt for eit sterkare lag då dei møtte serieleiar Sandnes Ulf på bortebane søndag.

Hødd mot Sandnes Ulf
Foto: NRK

Heimelaget Sandnes Ulf var heilt klart best allereie frå start av. Dei hadde mest ball og var mest frampå.

Slik var kampen

- Sandnes Ulf vann fullt fortent

- Vi er i nærheita av å score 2-1-målet, men på 3-0 dett vi litt ihop. Det er fullt fortent at Sandnes Ulf vinn til slutt, sa Hødd-trenar Lars Arne Nilsen etter kampen.

Video Høydepunkter Sandnes Ulf - Hødd

VIDEO: Høgdepunkt Sandnes Ulf - Hødd

Hødd får mykje skryrt for å ha vore positive og for å ha spelt fin og god fotball, og det vil dei ta med seg etter årets sesong.

- Ja, vi har hatt ein god sesong, vi skal ta det med oss vidare og utvikle det og forhåpentlegvis verte endå betre neste år. Vi heng ikkje med hovudet, men det var litt kjedeleg å tape i dag.

Første mål på den våte bana i Idrettsparken kom allereie etter 14 minutt. Kamal Saaliti (Sandnes Ulf). Vegard Aanestad sprang ute på kant og la flott inn til Eriksen på femmeter. Han heada til Kamal Saaliti som sette ballen i mål med pannebrasken. 1 - 0 til Sandnes Ulf.

Farlege angrep frå serieleiaren

Etter 26 minutt var Sandnes Ulf igjen i eit farleg angrep. Steinthor Freyr Thorsteinsson klinka til frå sju meter, men skotet gjekk i ein Hødd-spelar og ut.

Lars Arne Nilsen

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen er fornøgd med årets sesong.

Foto: NRK

Like etter kom Sandnes Ulf sin spiss Morten Eriksen inn i feltet med ballen, men Urke gjorde ein god jobb og stal den.

34 minutt ut i første omgang fekk Hødd sin Ruben Kenneth Brandal gult kort, etter at han gjekk i Sandnes Ulf-spelar Thorsteinsson i staden for ballen. Heimelaget fekk frispark frå 30 meter, noko som ikkje resulterte i målsjanse.

2-0-målet kom like før dommar Kjensli blåste av første omgang. Sandnes Ulf sin Eriksen fekk ballen inne i feltet etter pasning frå Kamal Saaliti. Han klinkar til og det står 2-0 til Sandnes Ulf.

Hødd sleit med å dekke romma

Sandnes Ulf skapte klart mest dei første 45 minutta, og leia fortent til pause. Hødd sleit med å få ballen heilt opp til spissen sin i første omgang, og skapte dermed ikkje dei store sjansane. Laget sleit også med å dekke romma Ulf-spissane stadig klarte å lage.

Hødd mot Sandnes Ulf

Sandnes Ulf hadde stadig afrlege angrep mot Hødd.

Foto: NRK

Hødd fekk endeleg ein skikkeleg målsjanse etter 54 minutt. Ahmed fekk ballen høgt oppe på venstrekanten. Han måtte vente på spelarane sine, men fekk omsider spelt inn i feltet. Ballen endte etter kvart opp hjå Espen Standal, som drog ut til høgresida. Bo Andersen pressa Hødd-spelaren i for spiss vinkel, og fekk blokkert skotet frå Standal.

Nok ein gong får Hødd kort. Etter 60 minutt taklar Steffen Moltu for seint og vart vist det gule kortet.

Det tredje målet til Sandnes Ulf kom etter 68 minutt då Okoli sentra til Morten Eriksen som var uselvisk framfor mål og sentra vidare til Kamal Saaliti på høgrekanten. Saaliti sette ballen sikkert i mål og det stod 3-0 til Sandnes Ulf i Idrettsparken.