Det seier formann i Ålesund Motorbåtforening, Sigfred Relling.
Treng 100 nye
Ålesund Motorbåtforening har 423 medlemmer, og tilsamann 303 båtplassar i havnene Gåseidvika og Storvika. Ein båt-plass der kostar mellom 10 000 og 23 000 kroner å kjøpe. Relling seier det er behov for nærare eit hundre nye båtplassar, men at manglande pengar gjer det vanskeleg å bygge ut havnene.
Fast båtplass
Trenden på båtmarknaden er at mange kjøper større båtar enn før. Spesielt skjærgårdsjeep er populære. Mange er vanskelege å bringe til og frå havna på tilhenger,og difor har eigarane eit stort behov for fast båtplass.
Ålesund Båtforening håper å utvide med fleire båtplassar i Gåseidvika, men Relling trur ikkje at dette vil gi ein slutt på problemet.