Hopp til innhold

Vanskar med Eidsdal-Linge

Eidsdal-Linge er det mest utfordrande ferjesambandet for fylkeskommunen. Det seier maritim rådgjevar Atle Ræstad. Det er registrert over 20 000 attståande bilar der så langt i år. Berre i august sto vel 2 000 bilar att på sambandet, trass i at der går tre ferjer sommarstid, mot ei i normalsesongen. Ræstad trur ikkje det hjelper å sette inn endå fleire ferjer.

Linge ferjekai
Foto: Lena Stette Høyberg / NRK