NRK Meny

Vanskar i flytrafikken

Det er framleis innstilte fly og forseinka avgangar i flytrafikken tysdag morgon.

På Vigra er Norwegian si rute til Oslo klokka 7 innstilt.
SAS-flyet til Bergen, som skulle gå 7.15, er sett opp med ny tid til klokka 9.00

I Molde er SAS-flyet til Oslo 6.45 innstilt. Der går det imidlertid eit litt forseinka Norwegianfly klokka 7.10.

På Ørsta/Volda lufthamn har 7.05-flyet til Bergen fått ny avgangstid. Det flyet skal gå klokka 08.00.

Frå klokka ni og utover ser det ut som om trafikken blir avvikla utan særlege vanskar.