Hopp til innhold

Henrik vart norgesmeister i gokart

Henrik Krogstad frå Langevåg låg bak heilt til 22. runde. Då smatt han forbi.

Henrik Krogstad

Henrik Krogstad smatt forbi etter 22. rundar og tok førsteplassen.

Foto: privat

Henrik Krogstad

Framover vil 15-åringen satse på bilkøyring.

Foto: privat

15-åringen har køyrt gokart sidan han var seks år, og i dag er han hoppande glad over å ta førsteplassen blant landets 20 beste gokartkøyrarar i klassa Formel Yamaha. Denne motortypen han konkurrerte med i dag, har han berre køyrt i halvanna år.

– Det var kjempedeileg, seier Krogstad. Han er slett ikkje uvand med å vinne. Frå før av har han så mange pokalar og medaljar at han må rydde unna for å gi plass til fleire.

Smatt forbi

For han var det aller viktigaste i dag å kome seg bra gjennom dei tre-fire svingane for å ha kontroll resten av løpet. Og det fekk han. 15-åringen låg som nummer to i heile 22 rundar. Då han hadde åtte rundar att, smatt sunnmøringen forbi.

– Eg er veldig nøgd, seier Henrik Krogstad. Det er også pappa Torgeir Krogstad. Han er er både sponsor, trenar og mekanikar for sonen.

Heng høgt

Rune Rødset, kartingekspert og tidlegare NM-vinnar er også kry av innsatsen. Han veit kor høgt det heng å vinne eit norgesmeisterskap.

– Dette er veldig bra både i lokal og nasjonal samanheng. Det er imponerande å kunne vinne når miljøet her i Ålesund er så lite, skryt Rødset.

Også Johan Nicolay Hagenæs frå Ålesund gokartklubb tok gull i dag i klassa KF3.

Vil satse på bilkøyring

Men framover er det bilkøyring som gjeld for Henrik krogstad. Om to veker deltek 15-åring i billøp på Rudskogen.

– Eg vil satse på bilkøyring og då vert det ikkje like god tid til gokart, seier Henrik Krogstad.