Hopp til innhold

Vann mot Linjebygg i Høgsterett

Den tidlegare tilsette i Prezioso Linjebygg gjekk til sak etter at han mista jobben i bedrifta i 2016 og vann i tingretten. Saka blei anka til lagmannsretten der Linjebygg vann. Mannen i 50-åra anka så vidare til Høgsterett, som opna opp for å behandle deler av saka. No er det klart at dei opphevar dommen frå lagmannsretten. – Grunngivinga frå Høgsterett er ikkje klar enno, men ein kan tolke det slik at vi har vunne fram med det prinsipielle spørsmålet om oppseiingar må sjåast i samanheng med nærliggande tilsettingar, seier mannens advokat, Oddvar Lindbekk til NRK. Han seier det no blir opp til Linjebygg om dei vil ta ei ny runde i lagmannsretten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL