Vann ikkje fram med anke
Ein mann i 30-åra frå Sunnmøre, som var dømt til fengsel for å ha valdtatt kona si, vann ikkje fram med anken sin i Frostating lagmannsrett.
Mannen blei i juni dømt til fengsel i fire år og ti månader for valdtekta. Han blei også dømt for å ha vore valdeleg i forkant og under valdtekta, og for å ha trua med å drepe kvinna.
Ifølge dommen forsøkte mannen å teipe igjen munnen til kvinna. Han tok også kvelartak på ho og slo henne fleire gonger i hovudet og ryggen.
Lagmannsretten har landa på same straff som Møre og Romsdal tingrett gjorde. Dei auka derimot erstatninga som mannen må betale til kvinna med 30.000 kroner og mannen må no betale 270.000 i oppreising.