– Det stemmer, eg vann i SuperLotto 19. desember og no skjer det igjen. Utruleg, seier mannen til Norsk Tipping sine eigne nettsider.
Like før jul vann han over 1 161 000 kroner og no la han på 1 366 000 kroner til.
– Det er berre å ringe igjen, seier den glade nordmøringen, som leverte vinnarkupongen med mobilen 20. februar.
Fleire vinnarar
Men han er ikkje den einaste vinnaren frå Møre og Romsdal.
Ein 58-åring frå Nesset tok det heile med fatning, og måtte av ulike grunnar utsette feiringa av premien. Men han vedgår at dette var «fantastiske greier».
Litt lenger sør vedgjekk også ein 41-åring frå Vestnes at dette var hyggeleg. I går kveld blei det stille og roleg, og så blir det familiehygge i dag.
Tre av 30
41-åringen trudde først det var kompisar som dreiv gjøn med han då Norsk Tipping ringde. Han har spelt Lotto sidan starten, men til i går kveld med mest småsummar som gevinst.
Tre av vinnarane var altså frå Møre og Romsdal, men totalt var det 30 spelarar i landet som blei SuperLotto-millionærar påskeaftan.