Hopp til innhold

Vann forskarkonkurranse

Elevane Ane Espeseth og Torstein Vik frå Fagerlia videregåande skule i Ålesund vann i dag ein konkurranse i regi av Forskingsrådet. Det var 163 deltakarar i alderen 13-20 år med i konkurransen Unge Forskere. Dei to elevane ved forskarlinja i Ålesund vann fram med eit matteprosjekt som imponerte juryen. Dei to får eit stipend på 10.000 kroner og får delta i forskarforum i Brüssel og Los Angeles.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL