Vann 7 135 315 kroner

– Du tulla no? Hahaha! Dette er jo heilt utruleg.

Lotto

Midsund-mannen var den eine av to lottotipparar som vann toppgevinsten på over sju millionar kroner.

Foto: Norsk Tipping

Ein mann frå Midsund fekk meldinga om at han var blitt lottomillionær då han sat i bilen saman med kona. Han hadde ikkje følgd trekninga på NRK1.

Mannen i sekstiåra var den eine av to spelarar som delte Lotto-millionane laurdagskvelden. Om få dagar får han denne summen inn på kontoen: 7 135 315 kroner.

Latter og leven

Då Norsk Tipping ringte vart det mykje latter og leven i telefonrøret. Han spurte igjen og igjen om det heile faktisk stemte.

Etter kvart hugsa han at han hadde levert ein kupong på Roseby same ettermiddag!

Kanskje hytte

- Oioi, dette har eg jo berre drøymt om. No vart det min tur, seier den anonyme lottomillionæren frå Midsund.

Han antydar at campingvogna skal få ei oppgradering. Kanskje blir ho bytta ut med ei hytte!

Dette var dei rette tala som Midsund-mannen hadde kryssa ut: 2-7-8-16-17-20-26

Og kor sannsynleg var det å skulle vinne toppgevinsten laurdag? I følge Norsk Tipping: Ein til 5,4 millionar.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.