Hopp til innhold

Vangsgutane er i rute til jul

Dei gode, gamaldagse julehefta er noko som må til for at mange av oss skal kome i rett steming i førjulstida. Juleheftet om Vangsgutane er eitt av desse hefta. I dag kom årets utgåve.

Vangsgutane er i rute til jul

Like sidan jula 1941 har juleheftet Vangsgutane vore kjær lesing for svært mange i førjulstida. Historia om dei to brødrene frå Todalen på Nordmøre er kjend over heile landet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Historiene om dei prektige brødrene Steinar og Kåre Vangen frå Todalen på Nordmøre og Larris og Sterk-Ola mange lese no før jul.

Vangsgutane blei til etter at redaktør i Norsk Vekeblad Hans Aarnes i 1939 var lei dei amerikanske rakkarungane Knoll og Tott.
Nynorsk Vekeblad skulle bli Vekeblad for bygdenoreg, og trengde ein teikneserie

Aldri heilfrelst

I år har surndalingen Henning Sommerro skrive forordet til juleheftet om folket som bur på Vangen i Todalen. Han synest det er stas at det finst eit julehefte som hentar miljø, historier og skildringar frå heimbygda. Men vedgår han at han aldri har vore heilfrelst på historiene om Vangsgutane.

– Eg vaks jo opp med juleheftet om gutane frå Todalen, men Steinar og Kåre var jo så prektige at det var ikkje måte på. Kun husmannsonen Larris skaper litt uro i rekkene, seier Sommerro.

Vangsgutane har forord av Henning Sommerro

Surnadalingen Henning Sommerro har skrive forordet til årets julehefte om Vangsgutane. Larris som er teikna til høgre på sida, er favorittfiguren til Sommerro i historiene om Vangsgutane.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kven var Larris?

Mange har opp gjennom åra lurt på kven forfattaren Leif Halse hadde i tankane då han skapte figurane i juleheftet. Kven var rollemodellar for Steinar, Kåre, Larris og Sterk-Ola? Og kven inspirerte forfattar Leif Halse til å lage historiene frå i Todalen. Mest spaning har knytt seg til rakkefanten Larris.

– Spekulasjonane har vore mange, og mykje har vore sagt opp gjennom åra om kven som var rollemodell for Larris. Men kven det kan vere, veit enno ingen, seier Sommerro.

For surnadalingane var og er Vangsgutane som eit lokalhistorisk skriv. Ingen lokalkjende har problem med å kjenne att miljø, landskap og skildringar frå bygda på Nordmøre.

Høyre radioinnslag om Vangsgutane frå 1985.

Held stand

Henning Sommerro meiner tradisjon, kombinert med ein stilletiande protest mot all larm og ståk i samfunnet, gjer at eit julehefte på nynorsk frå landsbygda på Nordmøre, framleis har mange lesarar.

–Vi treng eit hefte på sida av dagens mainstream, skriv han i forordet.

«Vi som kjem frå Nordmøre er ikkje bortskjemde med landskjende personar. Fosnakulturen, Gisle Surson og Ole Gunnar Solskjær er vel stort sett det vi kan skryte av? Men Larris og Vangsgutane klarte det! Og mot alle odds er dei still going strong», skriv han i forordet.